horses head on left hand side

Velkommen til Eirin Bysheim's Salmaker Verksted


Eg er oppvaksen på ein gård på Osterøy og har holde på med hest sidan eg var 9-10 år. Eg starta så med å reparera eige hesteutstyr og kom i kontakt med ein eldre salmakar på Osterøy som lærte meg ein god del om salmakeryrket. Sidan den tid har eg også gått 6 kurs på Starum for vidare opplæring med "Pelle" som lærar.

Kun kvalitetslær og spenner vert nytta og alt blir sydd med irsk lintråd som er holdbar og som tåler hestesvette. Dei aller fleste produkta er sydd for hand. Mine nye produkt omfattar alt frå leietau til hestaselar, hundeutstyr, belter og andre ting som kan lagast av lær. Eg reparerar også gamalt/skadd utstyr med pris gjeve på førehand.